Jettegrytene

Rundturen i jettegrytene / Helvete

Ein tur ned i Jettegrytene i Helvete er ei oppleving av dei sjeldne. Det er eitt av naturens mange underverk. Det går an å la seg imponere av det naturkreftene har fått til. Ein runddans i ei vill elv har saman med stein, grus og is slipt til desse kjempestore Jettegrytene. Så effektiv var denne slipemaskinen at det kanskje berre tok eit tiår eller to å gjera jobben.                                  
Stien ned er tydeleg etter meir enn 60 års bruk. Han har gjennom alle år vorte forbetra med rekkverk og tropper. Vi har bygd ei ny bru og to nye tropper. Brua gjer det enklare å ta seg innover gjelet, mens troppene gjer det mogleg å gå ein liten rundtur. 

Etter ein spasertur på eit par hundre meter frå parkeringsplassen, begynner nedstigninga. Du treng ikkje å gå langt før du får kjensle av veldige naturkrefter. Elva som gjekk her, har skore seg ned i fjellet. Eg ser for meg ei vill og fossande elv som pressar seg fram gjennom eit trongt gjel og kastar seg ut for høge stup. Ho roar seg litt etter kvart, men har villskapen i seg heile vegen på si ferd mot Mjøsa. Der får ho kvile ut etter ein anstrengande tur på 60-70 kilometer.

Stien endar nede i botnen av ei stor jettegryte. Du er faktisk nå i sentrum av der runddansen skjedde. Du blir kanskje liten ved tanken. Eit menneske har lite å stille opp mot dei kreftene som har utfolda seg her. 

Innover gjelet er det fleire store og små gryter. Den største er rundt 40 meter djup og har eit tverrmål på 25 meter. Du må sjå rett opp for å få auga på himmelen. Men du må også sjå vel på bergveggen og late deg imponere av alle dei vakre fargenyansane som finst der. Korleis har dei vorte til på slette fjellet? Inst inne i gjelet begynner oppstigninga. Troppa er bygd over det som er att av den ville elva. I dag renn det berre ein liten bekk her utan større kraft. For 9000 år sia tok elva ein ny retning og renn i dag ned i Lågen ved Vinstra.

Det gamle elvefaret har ein heilt annan karakter når du kjem opp troppa. Her veks det skog og planter. Plantelivet er spesielt.  Urskog - bregner og blomar. Urørt natur. Neste tropp tek deg opp att frå gjelet og attende til utgangspunktet.  

Det er mogleg å gjennomføre turen på ein halvtime,  men vi vil rå deg til å ta deg god tid - sjå deg rundt og filosofèr over mangfaldet i naturen og korleis det var her før elva tok nytt løp - istid, issmelting, dyreliv…      

Helvete også på facebook

På vår Facebook side finn du oppdatert informasjon om aktivitetar, arrangement og mykje meir. Besøk helvete på Facebook.