Kafe og Overnatting

Mat og overnatting hos oss

I KROA kan du få kjøpt deg både middag, lunsj og kaffe m.m.

GAMMER OG GAPAHUK

Like ved kroa har vi bygd opp eit lite tun som består av to torvgammer og ein stor gapahuk med ein grill i midten. Den største gamma rommar inntil 12 personar til bords og har ein liten kjøkkenkrok. Den minste gamma har plass til 3-4 personar. Dei kan brukast til overnatting. Den største har 5 sengeplassar og kostar 1 500.- kr pr natt. Den minste har plass til 3 pers. og kostar 800.- kr pr natt. Gammene har ope peis og er fullisolerte slik at det blir lunt og godt der også vinterstid. Levande lys gir ei trolsk stemning.
Gapahuken har plass til eit 30-tals gjester og er eit alternativ i den varme årstida.
Frå grillen kan vi servere all slags grillmat med tilbehør.
Vi kan komponere ein full selskapsmeny for deg om du ønskjer det.
BE OM TILBOD. Kontakt oss for meir informasjon,

Helvete også på facebook

På vår Facebook side finn du oppdatert informasjon om aktivitetar, arrangement og mykje meir. Besøk helvete på Facebook.