Jettegrytene

VINTERVANDRING I HELVETE

Helvete naturpark tilbyr guida gruppeturar på truger gjennom Jettegrytene frå midten av januar til påske. Gruppene må ha minst 10 deltakarar, og ikkje over 25. 

Be om pristilbod. Ta kontakt med oss om du ønskjer meir informasjon. Epost: opplev@helvete.info eller siggysigrid@gmail.com. Tlf. Sigrid 92 01 33 01.

Du treng berre å ha vanleg god fysikk for å vera med på turen, men du må kle deg godt og ha varme vintersko. Vandringa tek rundt 2 timar.

Velkommen til ei spennande naturoppleving i Nord-Europas største jettegryter i Espedalen.

Helvete også på facebook

På vår Facebook side finn du oppdatert informasjon om aktivitetar, arrangement og mykje meir. Besøk helvete på Facebook.